Desse innstillingane justerer vising av tekst på nettsider. Berre avanserte brukarar bør gjere endringar her, innstillingane er nemleg innstilte på førehand slik at du får sjå nettsidene slik det var meininga at dei skulle sjå ut.
I den store lista kan du endre på korleis forskjellige tekstelement vil bli viste på ei side. Ikkje gjer endringar dersom du ikkje veit korleis dette fungerer.
Dersom nokre nettsider har liten og uleseleg tekst, kan du setje ein minimumsstorleik for å gjere det lettare å lese sidene.
Dei fleste nettsider set ein bestemt bakgrunnsfarge. I dei tilfelle der dette ikkje er spesifisert kan du sjølv setje bakgrunnsfargen for nettsider.
Du kan finjustere korleis lenkjer skal visast på ei side, for eksempel bestemme fargar, stilar og rammer.
Før du har besøkt ei lenkje har ho ein bestemt farge. Etter du har besøkt lenkja har ho fått ein annan farge. Du kan sjølv styre kor lenge det skal gå før ei lenkje igjen skal markerast som "ikkje besøkt", og dermed få tilbake fargen som kjenneteiknar "ikkje besøkte"-lenkjer.
Copyright © 1995 - 2002 Opera Software ASA. Alle rettar