Innstillingar for nettverk

Nettverksinnstillingane lèt deg finjustere nettverkskommunikasjonen mellom datamaskina di og andre maskiner på Internett.

Standardinnstillinga fungerer heilt fint for normalt arbeid på nettet. Berre avanserte brukarar med spesielle behov og teknisk forståing burde trenge å endre på desse innstillingane.

Nettlesaridentifisering

Når ein nettlesar koplar opp mot ein nettstad, vil han fortelje nettstaden kva for nettlesar han er. I ei ideell verd burde alle nettlesarar fungere på alle nettstader, men slik er det dessverre ikkje. Nettlesarar fungerer litt forskjellige, og somme nettstader kan med vilje eller utan å vite det stengje andre nettlesarar ute.

Dersom du får problem med ein nettstad, kan du prøve å endre nettlesaridentifiseringa og laste sida på nytt.

Internasjonale nettadresser

Når ein bruker internasjonale teikn i nettsideadresser, vil somme nettenarar rekne med å få "latin-1"-teikn utan teiknkoding, det vil seie http://www.example.com/æøå.html i staden for http://www.example.com/%F6%F8%F5.html. Dersom du har problem med internasjonale nettadresser, kan du prøve å endre denne innstillinga.

Mellomtenarar (proxy)

Ein mellomtenar er ei maskin som...

  1. På ein sentral plass mellomlagrar store mengder informasjon som blir brukte av mange (for eksempel på ein arbeidsplass)
  2. Fungerer som ein tolk for spesielle tenester

For å stille inn ein mellomtenar, må du skrive inn...

  1. Ein protokoll (for eksempel "http")
  2. Ei internettadresse (for eksempel "proxy.example.com", eller "207.69.194.213"
  3. Eit portnummer (for eksempel 5000)

Du vil kunne få denne informasjonen frå...

  1. Systemadministratoren din
  2. Nettstaden som står som vert for mellomlagrings-programmet
  3. Dokumentasjon som følgjer med mellomlagrings-programmet du installerte

For å aktivere mellomlagring for ein protokoll, kryss av i tilsvarande rute og skriv inn informasjonen du fekk. All trafikk over den respektive protokollen vil no gå gjennom mellomtenaren.

Dersom du vil gjere unntak, det vil seie ikkje kommunisere gjennom mellomtenaren for visse nettstader, kan du skrive inn ei liste over nettadresser direkte i den store ruta i midten av innstillingsdialogen for mellomtenarar.

Dersom internettleverandøren din har bede deg om å bruke ein automatisk mellomtenar, kan du aktivare denne og skrive inn nettadressa du har fått.

Namnefullføring

Når du skriv inn eit enkelt ord (for eksempel "opera") i adressefeltet vil Opera...

  1. Sjå etter bokmerke med namnet eller kallenamnet "opera"
  2. Sjå etter ei datamaskin på det lokale nettverket ditt kalla "opera"
  3. Prøve å setje prefiks (for eksempel "www") og suffiks (for eksempel "com") rundt orda du skreiv inn, og slå opp "www.opera.com"

Du kan skrive inn ei kommaseparert liste for både prefiks og suffiks. Ver merksam på at det tek tid å prøve alle desse kombinasjonane. Dersom du ønskjer hurtig svar og ikkje treng å leite etter lokale maskiner eller bruke prefiks/suffiks, kan du slå av denne funksjonen. Nokre gonger kan det faktisk gå raskare å berre skrive inn heile adressa.

Yting

Desse innstillingane er berre nødvendige å endre dersom du har ei treg maskin eller har problem med internettsambandet ditt.

DNS (Domain Name System) blir brukt til å omsetje ei nettadresse (for eksempel www.opera.com) til eit IP-nummer slik som 207.69.194.213. Dersom DNS-tenaren du bruker ikkje kan slå opp meir enn eitt IP-nummer om gongen, skal du bruke synkron DNS.

Berre endre på talverdiane dersom du veit kva du gjer. Sørg for at totalt tal samband er minst eit par gonger større enn sambandet til ein enkelt tenar.

Handtering av feilmelding frå tenar

Ein nettenar vil nokre gonger returnere ei nettside med feilinformasjon i staden for nettsida du spurde etter.

Denne informasjonen kan sjå kryptisk ut for ikkje-tekniske brukarar så Opera tilbyr å vise ein dialog med ein forenkla versjon av feilmeldinga.

Opera tilbyr også å vise meldingar frå tenaren berre når det er formålstenleg. Dette er den anbefalte innstillinga.

FTP

Når ein koplar opp mot FTP-adresser med brukarnamn og filbane, for eksempel john@ftp.example.com:games/c64, kan du stille inn Opera til anten å tolke filbana som....

  1. Relativ til brukaren sin heimekatalog (for eksempel home/john/games/c64)
  2. Ei absolutt filbane(for eksempel games/c64)